|

Vellukka oppfriskningskurs for våre medlemmer

I eit tidIegare innlegg skreiv eg at arbeidssituasjonen på trafikkstasjonene i Rogaland no er slik at gjennomføringa av dei såkalla «65 +» kursa kunne takast opp igjen. Vi starta opp i Haugesund med eit utvida dagskurs den 8. april. Deretter vart det avvikla kurs i Egersund 20. og 22. august og på Forus (Stavanger) 27. og 29. august.

Totalt deltok 44 av medlemmene våre på kursa. Dei fleste deltakarane var menn, men det var også representantar frå «spinnesida». Kursa vart gjennomførde etter det opplegget som TK til vanleg nyttar. Av tema som vart gjennomgått, kan nevnast ulykkestypar, vurderingar og observasjonar i trafikken, køyring på motorveg, skilting, oppmerking, vikeplikt og rundkøyringar. Særleg var det stor interesse for det sistnemnde emnet.

Kursa var lagde opp slik at deltakarane vart trekte aktivt med ved behandlinga av dei forskjellege emna. Dette var ei nyttig form for å få belyst stoffet på ein god måte. Eg var med på kurset på Forus, og opplevde at både kursdeltakarane og kurshaldarane var sterkt engasjerde på begge kursdagane. Ved avslutninga av kursa fekk deltakarane tildelt eit bevis for gjennomført «Bilfører 65+» kurs. På vegne av styret vil eg få takka våre dyktige kollegaer frå TK som sto som arrangørar av kursa.