Forfattar på nettsida

Det er Hans Seland frå Kristiansand, sekretær i forbundsstyret og medredaktør på nettsida til SVP, som med litt hjelp har redigert Hordalands-sida slik at kontaktinformasjonen skulle få plass i høgre spalte slik sida var tenkt. Det nye forbundsstyret vil satsa på at foreningane skal bruka nettsidene sine til å informera medlemmene. Då treng kvar forening ein «forfattar» som kan montere notisane på nettsida og kanskje skriva notisar sjølv. 

Forbundsstyret har invitert foreningane til å vera med på satsinga og bedt dei om svar innan 10. september. 

Erik Norstrøm har laga ei kort rettleiing for «forfattarane» og han eller Hans kan svara på spørsmål frå dei forfattarane som prøver seg. Nye forfattarar må få brukarnamn og passord frå Erik.