Etatsmeisterskap i orientering 11. – 13. september i Sogndal
Frå Statens vegvesen har me fått denne invitasjonen til etatsmeisterskap i orientering. Påmeldingsfristen var alt ute då me fekk meldinga, og i finværet blei posten liggande hos redaktøren, men komiteen forstår viss det går litt over påmeldingsfristen for pensjonistane. Det er viktig å få med at det vert ei lita løpsavgift som primært vil dekke felles lunsj laurdag. I tillegg må dei, som for alle andre deltakarar, også dekke reise, overnatting, middag fredag og bankett. For påmelding kan pensjonistane sende e-post til: marius.slinde@vegvesen.no.
Om du ikkje vil orientera sjølve, kan dette vera eit fint høve til å møta kjende og sjå fin bedriftsidrett.
Invitasjon til etatsmeisterskap i orientering 11. – 13. september i Sogndal
Frå Marius Slinde, Statens vegvesen, Førde:
No er det berre å setje av helga. Me inviterer til ei skikkeleg kjekk og aktiv helg når etatsmeisterskapen i orientering vert arrangert i Sogndal 11. – 13. september!
Me håpar og trur at helga vil by på både løpsopplevingar, flott natur og hyggeleg samvær med kollegaer frå heile etaten.
To løp:
- Fredag ettermiddag: Sprint i Sogndal sentrum, med spennande veksling mellom urbane område, campus, eldre busetnad og parkområde.
- Laurdag: Ein litt lang mellomdistanse ved Sogndal skisenter (ca. 15 min frå sentrum), i variert skogs- og fjellterreng med både myr, sti og lettsprunge parti.
Det finst løyper med ulike vansklegheitsgrader. Nivå A/B-nivå for dei meir erfarne (med aldersdeling over/under 50 år), og C-nivå for dei som er ferskare orienteringsløparar. På mellomdistansen tilbyr me også N2-nivå for dei som er nybyrjarar.
Sosialt program:
- Felles (enkel) middag på Quality Hotel Sogndal fredag kveld
- Felles lunsj ved skisenteret etter løpet laurdag
- Storslått bankett på vegkontoret på Leikanger laurdag kveld
Praktisk informasjon:
- Overnatting: Quality Hotel Sogndal
- Transport: Me ordnar transport mellom hotell og løpsområde for dei som treng det
- Tidtaking: emiTag-brikker og touch-free stempling
Meld deg på her: marius.slinde@vegvesen.no.
Påmeldingsfrist er 26. juni. Skulle det likevel vere slik at nokon plutseleg kjenner på lysta etter denne fristen, de får inn nye kollegaar som vil vere med eller liknande: Ta kontakt – me strekkjer oss langt for å få med alle som vil!
Me håpar du har lyst til å bli med – dette vert ei helg med både fagleg avbrekk, frisk luft og godt lag. Vel møtt til Sogndal!
Med helsing
Marius Slinde
