| |

Kort årsmelding 2024

Takk til pensjonistlaget for kort årsmelding 2024. Forbundsstyret skal bruka dei 19 meldingane frå foreningane når vi søker om ny løyving fra Statens vegvesen i vinter. Her er eit kort samandrag:

SVP Sogn og Fjordane heldt årsmøte 20. mars 2024 på vegkontoret i Leikanger med 15 medlemer til stades, leia av Per Birger Lomheim. Det vart arrangert kaffimøte første torsdag kvar månad, med frammøte frå 10 til 20 medlemerr. Der diskuterte ein sentrale SVP-aktivitetar og aktuelle saker. Julemøtet med julebord vart gjennomført 7. desember på Jølster Hotel, med 30 medlemer til stades, og der vart 25-årsjubileet for pensjonistlaget markert. Ein planlagt tur til Norsk Vegmuseum i august for å feire 25-årsjubileet måtte vi avlysa på grunn av låg påmelding. Medlem Thormod Gausdal heldt fem trafikksikringskurs som del av TREFF-prosjektet i regi av Pensjonistforbundet.