Gull til Norge

Fra Per Birger Lomheim:
Førre helg var eg i Finnland på VM for veteranar og der vart det gull i hopp og kombinert, klasse over 70 år. I år var det berre 11 nasjonar med på VM og ca. 130 deltakarar. Vi har vore opp til 20 nasjonar og over 200 deltakarar på det meste. Årets resultat var desidert det dårlegaste Norge har prestert. Berre 3 gull totalt og då vart det litt «flautt» at eg tok 2 av dei.
Vedlagt følgjer bilete frå medaljeutdelinga i kombinert.

Gull til Norge
Frå venstre : Åke Salamoniemi (sølv) , Per Birger Lomheim og Knut Wester (bronse) frå Østre Aker skiklubb.

Styret i SVP gratulerer vår nyvalgte foreningsleder i Sogn og Fjordane med to gull.

På spørsmål om han kunne fortelle litt mer kom det en kort historie med mange opplevelser.

Skihopping har vore hovudinteressa opp gjennom åra . Vore aktiv på skirenn i Sogn og Fjordane frå 1948 til 1984. Vart så hoppdommar og forbundsdommar. Frå år 1996 vart det veteranhopping i utlandet. Bronse i kombinert Steamboat Springs, Colorado, år 1996. År 1998 vart det sølv i Lysva, Uralfjella, Russland/Sibir. Sidan har det vore renn i Zakopane og Visma (Polen), Rovaniemi og Taivalkoski (Finnland), Harrachow 2 gonger (Tsjekkia), Reit Im Winkel, Hinterzarten og Rupholding (Tyskland) , Villach (Østerrike), Kransj (Slovenia) og no på nytt i Taivalkoski med gull i hopp K-38 og gull i kombinert den 26. mars 2015, klasse over 70 år. Totalt har det vorte 18 medaljar, derav 6 gull på VM desse åra. Som hoppdommar har det vore mange opplevingar, lokalt og nasjonalt. Høgdepunkt – fekk år 2004 dømma prøve-VM for DAMER og sist vinter som hoppdommar i Midstubakken , under NM i kombinert